News
Arbeidsmiljøprisen for 2015 til Harding
Published: 05.11.2015
– Dette er ikkje noko HMS-ansvarlege aleine kan få til. Her er det snakk om at alle dreg i same retning, og då oppnår vi også resultat, sa Isaksen då ho takka for utmerkinga. I salen sat kring 150 deltakarar frå både privat og offentleg sektor, skriv Harding i ei pressemelding..
Det var i samband med den store HMS-konferansen i Haugesund - i regi av International SOS - at Arbeidsmiljøprisen for 2015 stod på køyreplanen. Ein pris etablert for å motivere verksemder til eit systematisk arbeid med HMS. Og ein pris som tidlegare har gått til store og små som set HMS i høgsetet. Som Eventyrhagen barnehage i fjor, og Sjøfartsdirektoratet for nokre år sidan.
– Vi meiner at Harding Safety sitt arbeid med HMS er eit døme til etterfølging, og det er ei glede for meg å dele ut årets pris til livredningsselskapet med hovudkontor i Kvinnherad, sa dagleg leiar i International SOS, Roar Storrø.
– Svært gledeleg. For oss er dette ei stadfesting på at den innsatsen vi har lagt ned gjev resultat. Og for ei verksemd som lever av å selja tryggleik, er det ekstra kjekt at arbeidet vert lagt merke til av andre, seier global direktør for kvalitet og HMS i Harding Safety, Stig Berge-Soldal. Før han avsluttar:
– Når selskapet har ein slogan som seier: «Taking safety further", er det jo ekstra viktig at «We walk as we talk».
Related articles
-
Vant for andre året på rad
17.09.2025 -
-
Promoterer norskekysten midt på Times Square
23.05.2025 -
To internasjonale priser til Vard
09.02.2024 -
Vard med umiddelbare tiltak etter tilsyn
04.05.2022 -
Odfjell ble Årets Maritime Lærebedrift
02.06.2021 -
Farlegast å jobba på mindre fartøy
27.09.2017 -
Harding-utstyr til Hurtigruten
21.12.2016 -
Heder og utmerkelse til Roy Reite
20.12.2016 -
Innovasjonspris i vinterisering
12.10.2016 -
Opplæringspris til Island Offshore
02.02.2016 -
Harding sikra storleveranse til Sleipnir
19.01.2016 -
Skal bli like trygt på sjøen som på land
24.09.2015 -
Eidesvik årets velferdsrederi
10.06.2015 -
Designerpris til Granberg
08.04.2015 -
Ulmatec Pyro Årets Bedrift
04.03.2015 -
Harding åpner servicestasjon i Dubai
21.01.2015 -
Avtalar med Statoil, Petrobras og Mærsk
30.06.2014 -
Pris til Hurtigruten
18.12.2013 -
Sikkerhetspris til Norsafe
20.06.2013