News
Bonus til alle tilsette i Ulstein Group
Published: 27.05.2011
– Vi har medarbeidarar med høg kompetanse, ein solid organisasjon med gjennomføringsevne og leveringspresisjon. Vi har hatt god prosjektstyring og gjennom dette oppnådd måla som er sett innanfor dei viktigaste områda våre. Dette gir oss eit godt grunnlag for å halde fram med å bygge eit robust konsern, seier konsernsjef Gunvor Ulstein.
Ulstein har dei siste åra gjort ei rekkje satsingar innan designområdet, som leverer solide tal også for 2010. Sidan starten i 1999, har ein selt nærare 70 design og over 40 av desse med X-Bow skroglinjeforma. Ein tilbyr no design- og utstyrsløysingar innan både offshore supply, heavy offshore (f.eks. drillskip) og nærskipsfart (f.eks. mindre containerskip).
Det siste året har Ulstein investert 136 millionar på forsking, utvikling og innovasjon. Gunvor Ulstein understrekar at konsernet skal fortsette med å vere ein pådrivar for nyskaping og innovasjon: – Saman med våre medarbeidarar og aktørar i den maritime klynga skal vi halde fram med å sjå etter muligheiter og utvikle fleire produkt og tenester der konkurransekraft, miljø og innovasjon er i fokus, seier Ulstein.
I år som i fjor blir det utbetalt bonus til alle tilsette i Ulstein. Bonusen består av ein selskapsdel og ein konserndel. Bonusen blir på mellom 20 000-55 000 kroner per tilsett i dei norske selskapa.
– Vi har ein arbeidsstyrke som evnar å levere og som kvar dag arbeidar for at vi skal nå våre mål og oppfylle kundane sine behov, avsluttar konsernsjefen.
Related articles
-
-
Høg aktivitet for Ulstein i 2024
04.07.2025 -
Ulstein med gode tal for 2023
24.06.2024 -
Ulstein Groups resultat påverka av pandemien
23.06.2023 -
Solid resultat for Myklebust Verft
22.04.2020 -
Fiskerstrand fornøyd med 2018
31.07.2019 -
Ny kontrakt til Havyard
01.07.2015 -
Svakare inntening trass rekordomsetning
26.06.2015 -
Godt resultat for Ulstein Group
13.05.2015 -
Rekordomsetning for Island Offshore
09.03.2015 -
Avtaler for nybygg frå Ulstein
18.11.2014 -
GC Rieber Shipping med stabil og god drift
06.11.2014 -
Solid overskot for Kleven
02.05.2014 -
Solide tal for Ulstein
29.04.2014 -
Bergen Group selger unna prosjekter
07.03.2014 -
Gode tal for Ulstein
25.04.2013 -
Rekordresultat for Kleven
22.04.2013 -
Havyard Groups beste årsresultat
18.03.2013 -
Solide tal og bonus ved Ulstein
24.05.2012 -
Kjemperesultat frå Ulstein Group
12.03.2010 -
Overskudd for Havyardgruppen i 2007
10.06.2008 -
Godt resultat for Fosen Yards
30.04.2008 -
Tilsette i Ulsteinkonsernet får årsbonus
18.04.2008