News
Kleven skal bygge spektakulært spesialfartøy
Published: 14.03.2013
Kleven har inngått kontrakt om bygging av eit 107 meter langt spektakulært spesialfartøy, designa for lengre ekspedisjonar i tøffe farvatn. Det luksuriøse men på same tid robuste og sjødyktige fartyet har grunnlag i den solide kunnskapen aktørane har om bygging av offshorefartøy for dei tøffaste forholda i Nordsjøen.
For eit år sidan vart designleverandøren Marin Teknikk i Herøy kontakta av reiaren med spørsmål om dei ville designe eit såkalla Expedition Support Vessel.
– Reiaren likar vårt designuttrykk og verdset vår erfaring frå design av serviceskip til olje- og gassindustrien offshore samt havgåande fiskefartøy. Det har vore spennande å kunne utnytte den fagkunnskapen våre medarbeidarar sit på til å utvikle eit slikt luksuriøst fartøy, som vert bygd for ein ganske annan bruk enn offshorefartøya vi til dagleg jobbar med, seier Svein Rune Gjerde, adm.dir. i Marin Teknikk. For designerane våre har dette vore eit interessant prosjekt å jobbe med. Kunnskapen som vi har frå offshorefartøya har danna en god basis i utviklingsarbeidet med dette prosjektet også. Nye reglar og krav har og vil gi oss spennande utfordringar i design- og byggeperioden.
– Vi har hatt eit godt samarbeid med Marin Teknikk i mange år, og har utvikla mange offshorefartøy saman. Dette fartøyet er eit godt døme på vår evne til å utvikle og bygge spesialfartøy og prototypar, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven. Reiaren ynskte norsk design og bygging ved norsk verft på grunn av leveringstid, kvalitet og pris. Vi er glade for å ha vunne fram i konkurransen på desse kriteria. Prosjektet vil vere av dei første der modular vert produsert i den nye robotiserte produksjonslinja på Kleven Verft.
Fartøyet vil få innreiing for 60 personar og utstyrt med blant anna helikopterdekk, helikopterhangar og symjebasseng. Det skal byggast ved Kleven verft i Ulsteinvik, og leverast i desember 2014.
Related articles
-
-
Havila Kystruten er Made in Norway
14.10.2024 -
Vard kan og vil bygge for Forsvaret
23.09.2024 -
Havyard Leirvik vinner nybyggskontrakt
20.11.2023 -
Nye og grønne løsninger på Norwind Gale
03.07.2023 -
Stadyard bygger to nye kystbåter
26.04.2023 -
Vil redde liv med empatisk redningsvest
01.03.2023 -
Neste generasjons fiskefartøy for Trønderbas
01.07.2022 -
Verftene vil bygge for Sjøforsvaret
04.04.2022 -
Enda et norsk rederi bestiller i Danmark
11.10.2021 -
Har utviklet en helt ny serie fiskefartøy
04.05.2021 -
Remi Hatland er svært fornøyd med Ravinda
15.09.2020 -
Vant designkontrakt for ekspedisjonsskip
13.06.2018 -
Vard med kontrakt for nytt fiskefartøy
24.05.2018 -
Skal designe og bygge syv trålere
04.12.2017 -
Hyller norske maritime innovasjoner
16.11.2017 -
Wärtsilä designer Østensjøs nye båter
24.09.2015 -
Designpriser til Kongsberg og Rolls-Royce
16.04.2015 -
Designpriser til Sperre og Lillaas
12.03.2009