Nyheter
Asia-kontrakt til Kleven
Publisert: 21.07.2014
Kleven har inngått kontrakt med det Malaysia-baserte fellesforetaket IES Pioneer Ltd om bygging av eit multifunksjonsfartøy av typen MT 6015.
- Vi er svært glade for å kunne offentleggjere vår første nybyggingskontrakt med ein kunde frå Søraust-Asia. Dette viser at vi er konkurransedyktige globalt basert på vår kvalitet, leveringspresisjon og pris, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.
Det avanserte fartøyet blir 93 meter langt, 20 meter breitt og får over 1.000 kvadratmeter dekksareal. Blant utstyret inngår mellom anna ei 150 tonns aktiv hiv-kompensert offshorekran, helikopterdekk, brannsløkkingsutstyr samt at fartøyet vert klargjort for operasjonar med fjernstyrte undervannsfarkostar (ROV). Multifunksjonsfartøyet vil få ei innreiing til 60 personar.
Det er venta at fartøyet vert kontrahert av olje- og gasselskap som opererer på dei nyoppdaga og svært djupe olje- og gass-felta i Asia og Midt-Austen. MT-design har lang erfaring frå tøffe forhold i Nordsjøen, og det allsidige multifunksjonsfartøyet skal bidra til at prosjekt utført på svært store djupner vert utført til rett tid og med redusert nedetid grunna verforhold, noko som er ein stor fordel for oljeselskapa og deira samarbeidspartnarar.
Levering er sett til september 2015.
Kontrakten inneheld også ein opsjon på ytterlegare eit fartøy.
Relaterte artikler
-
Nybyggingskontrakt for Green Yard Kleven
14.10.2024 -
Vard skal bygge mer for Island Offshore
28.08.2024 -
IKEA-selskap inn i havvind
03.08.2023 -
TTS Pioneer – rett i jobb
03.05.2022 -
Edda Wind bestiller ytterligere tre CSOVer
02.02.2022 -
Bygger ut Lavrans og Kristin Q i Norskehavet
30.06.2021 -
Statoil vil bygge skrog i Singapore
10.11.2017 -
Zenitel har vunnet stor kontrakt
08.10.2015 -
Havyard bygger hybrid PSV
15.04.2014