Nyheter
Ein av landets eldste toppsjefar
Arne Olufsen drog til sjøs som 16-åring og var om bord i 18 månader før første heimreise. Foto: Thomas Førde
Dette innholdet er forbeholdt abonnenter
Abonner eller logg inn for å se innholdet
Han passerte 80 år for snart to år sidan, men er framleis dagleg leiar for ei mekanisk verksemd med nær femti tilsette.
Verksemda gjer det godt. Ho har rikeleg med oppdrag og god inntening. I 2024 omsette A. Olufsen Ship & Offshore for nær 85 millionar kroner og nådde eit resultat før skatt på vel åtte millionar kroner.
Fjoråret blei om lag like bra, og 2026 blir truleg endå litt betre, seier gründer, eigar og dagleg leiar Arne Olufsen.
Han står opp kvar morgon klokka seks og startar dagen med ei treningsøkt, før han et frukost ved halv åtte-tida. Han brukar å starta arbeidsdagen på kontoret mellom klokka åtte og ni.
– Eg jobbar ikkje nødvendigvis full dag, men eg brukar å reisa heim att mellom klokka 13 og 14. Enkelte dagar kan klokka likevel bli både 16 og 17 før eg reiser frå bedrifta.
– Men eg står ikkje lenger opp om nettene for å hjelpa kundar. Eg har mange erfarne og flinke folk i staben. Nokre i leiinga har vore med i snart 30 år. Dei kjenner verksemda like godt som meg, og dei kjenner dessutan meg så godt at dei veit kva eg meiner og kan ta avgjerder sjølve i mange saker.
OSLO–VALPARAISO
Arne Olufsen drog til sjøs då han var 16 år gammal.
– Det var den store draumen å koma til sjøs, fortel han.
Den første turen varte i 18 månader før han kunne reisa heim att.
– Dette var vanleg turnus den gongen.
Han fekk hyre om bord i ein av linjebåtane til reiarlaget Knutsen OAS i Haugesund. Båten gjekk nærast i fast rute mellom Europa og Sør-Amerika. Oslo var den nordlegaste hamna. Deretter gjekk dei innom fleire hamner i Nord-Europa før skipet kryssa Atlanterhavet og gjekk gjennom Panamakanalen til vestkysten av Sør-Amerika og heilt sør til Valparaíso i Chile.
– Vi var innom mange hamner. Det var på mange måtar ei eventyrleg tid, seier Olufsen, som var fast bestemt på å halda fram til sjøs. Men far hans fekk overtala han til å bli på land og ta utdanning.
Han gjekk i lære ved Haugesund Mekaniske Verksted (HMV). Dette var medan HMV framleis bygde skip, før omstillinga til offshoreverft. Olufsen fekk seinare jobb ved HMV og gjorde teneste ved teiknekontoret. I tre år var han lærar ved yrkesskulen på Åkra i Karmøy før han blei skipsbyggjemeister ved Karmsund Verft. Der bygde dei mellom anna fleire mindre tankbåtar på om lag 3000 tonn og eit tungløftfartøy.
UVENTA MOTGANG
Arne Olufsen seier seg i dag lukkeleg over at han har god helse og framleis kan gå på arbeid dagleg.
Men han opplevde nyleg uventa motgang. Han blei kontakta av fastlegen om at han måtte testa seg for å kunna behalda bilsertifikatet.
– Då blei eg utsett for ein tøff og særs langvarig teoretisk test som eg sleit med. Dette fall saman med ein nyleg gjennomgått influensa. Eg stod ikkje på prøva, men måtte opp til ny test. Eg laut også ta køyretimar og køyra opp på nytt for førarkortet. Nå skal det vera like før eg igjen kan setja meg bak rattet på lovleg vis. Å vera utan førarkort og bil er nærast eit skremmande tap av fridom, seier veteranen.
Han fortel vidare at kona hans døydde for nokre år sidan.
– Det gjer også at eg gjerne vil halda fram i jobben og ha kontakten med miljøet på bedrifta lengst mogleg.
– Har du peika ut nokon etterfølgjar til å leia bedrifta?
– Eg har ei dotter som er svært flink. Ho har teke over eigarskap og leiinga av eit selskap som leiger ut fagarbeidarar til industrien. Men utover det er ingenting planlagt. Eg har lyst til å halda fram i leiinga av bedrifta i alle fall til me har feira 50-årsjubileet, seier gründaren Arne Olufsen.