Nyheter
Fjord 1 vann sak og vil bestille ny ferje
Dette innholdet er forbeholdt abonnenter
Abonner eller logg inn for å se innholdet
Fjord 1 MRF AS vann sak mot Tide Sjø AS om ferjesamband i Troms. Fjord1 MRF AS er tildelt løyve for drifta av riksvegferjesambandet Refsnes-Flesnes i Troms for perioden 1. januar 2011- 31. desember 2018.
Etter ein anbodskonkurranse vart Fjord1 MRF tildelt løyve for drifta av sambandet av Vegdirektoratet i november i 2008. Tide Sjø AS påklaga dette vedtaket, men Samferdselsdepartementet har no avvist denne klagen.
- Vi er sjølvsagt glade for Samferdselsdepartmentet si avgjerd i denne saka og ser fram til å drifte Refsnes-Flesnes sambandet i 2011 seier viseadm. direktør Frode Ohr i Fjord1 MRF AS. Fjord1 MRF legg opp til at det vert kontrahert ei ny dieseldrevet pendelferje med Azimuth thrustere i kvar ende. Den nye ferja skal ha plass til 75 personbileiningar (pbe) / 8 VTE og 199 passasjerar.