Nyheter
Gasnor fekk storkontrakt
Fjord1 MRF og Gasnor har inngått avtale om naturgassleveransar til seks ferjer i Romsdal og Trøndelag – som resulterer i store miljøgevinstar når ferjene kjem i drift i 2010 og 2011.
Naturgassavtalen, som har ein samla verdi på rundt 700 millionar kroner, er ei viktig miljøsatsing for selskapet som bygde verdas første gassferje i 2000, og som i 2007 sette inn dei fem neste gassferjene i landet. No kjem seks gassdrivne ferjer på ferjesambanda over Moldefjorden og Trondheimsfjorden.
Viseadministrerande direktør Frode Ohr i Fjord1 MRF viser til at gassferjedrift representerar ein betydeleg miljøgevinst. - Samanliknar ein alle gassferjene med konvensjonelle dieseldrivne ferjer, er NOx-utsleppa redusert med 90%, som tilsvarar meir enn dei samla utsleppa frå dagens personbilpark i Oslo, seier Ohr. Vidare seier han at fordi naturgass er eit reint drivstoff vil praktisk talt alle utslepp av partiklar (røyk/sot) samt alle utslipp av svovel fjernast.
Gasnor er pioner på å framstille og levere naturgass til skip. Administrerande direktør Eilef Stange bekreftar at selskapet leverer i dag flytande naturgass til åtte fartøy, og har inngått kontrakt på leveransar til ytterlegare 12 fartøy. Dei opplever stor interesse også frå utanlandske selskap for denne nye teknologien. - Ettersom kystflåten står for 40% av Norges NOx-utslepp, vert det viktig med nettopp slike tiltak frå næringslivet og styresmaktene dersom Norge skal oppfylle sine internasjonale plikter (Gøteborgprotokollen), seier Stange.
Relaterte artikler
-
Fjellstrand får ferjekontrakt
06.06.2025 -
-
Bygger to nye bulkfartøy
06.06.2025 -
-
-
Havyard signerer milliardavtale
27.12.2023 -
Ombyggingsoppdrag til Oma
09.09.2022 -
Boreal har overtatt elferja Malmefjord
09.06.2021 -
Nye kontrakter til Sletta Verft
10.07.2020 -
Boreal bygger to elferjer i Nederland
28.05.2020 -
Skal bygge elektrisk ferje til Boreal
05.01.2018 -
Vant storkontrakt på nye ferjer
09.06.2017 -
Torghatten Nord bestiller nye ferjer
15.05.2017 -
Fergekontrakt til Vard Brevik
10.01.2017 -
Tre nye ferger til Fjord 1 fra Havyard
20.12.2016 -
Stor kontrakt til Brødrene Aa
25.06.2014 -
Bergen Group bygger om cruiseferger til gass
23.07.2012 -
Norled bygger to nye gassferger
01.03.2012 -
Gjennombrot for ny teknologi frå Rolls-Royce
04.02.2011 -
Gassdrevne cruiseferger?
28.09.2010 -
Fjord Line bygger to nye cruiseferger
17.03.2010 -
Kontrakt til Fiskerstrand Verft
04.02.2009