Nyheter
Hurtigruteavtalen godkjent av ESA
Publisert: 01.07.2011
– Det er svært gledeleg at ESA i dag har godkjent anbodet vi la til grunn for avtalen med Hurtigruten ASA for 2012 – 2019. Klagen er avvist. Det betyr at vi har sikra daglege avgangar heile året frå alle 34 hamner i åtte år, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
ESA har også meddelt at ekstrabetalinga Noreg ga Hurtigruten i 2008 for kjøp av transporttenester mellom Kirkenes og Bergen, ikkje er i samsvar med EØS-reglane for statsstøtte. – Eg er svært glad for at vi berga Hurtigruten frå å gå konkurs i 2008 ved å inngå ein tilleggsavtale, seier Meltveit Kleppa.
– Vi har enda ikkje motteke sjølve avgjerda med tilhøyrande premissar. Vi kjenner difor ikkje ESA si vurdering av ulovleg statsstøtte og dermed om krav om tilbakebetaling gjeld heile eller deler av beløpet. Først når vi har motteke avgjerda, veit vi meir om det er grunnlag for å klaga avgjerda inn for EFTA-domstolen, seier samferdselsministeren. Hurtigruten ASA kan på eige initiativ føreta tilsvarande vurdering av høvet til å klaga.
Relaterte artikler
-
-
-
Hurtigruten Group endrer merkevarestruktur
19.09.2023 -
-
Ny Hurtigruten-kontrakt til Myklebust
11.10.2021 -
Hurtigruten selger på Svalbartd
29.03.2021 -
Hit skal Hurtigrutens nye ekspedisjonsskip
27.08.2019 -
Todelt hurtigrute-konsesjon
23.03.2018 -
Hurtigruten byr på hele Kystruten
16.11.2017 -
Hurtigruten med Blueye-samarbeid
23.08.2017 -
Løsning for Fosen
03.11.2015 -
Selger ferger og hurtigbåter
24.10.2008