Nyheter
Kinakontrakt for Rolls-Royce
Publisert: 16.11.2012
Rolls-Royce står for skipsdesign og utstyrspakke til to nye offshorefartøy som skal byggast ved Jiangsu Eastern Heavy Industries Co., Ltd verftet i Kina. Kontraktsverdien for Rolls-Royce er på om lag 111 millionar kroner, og kontraktane inkluderar også opsjon om bygging av to fartøy til.
– Kina er ein spanande marknad for oss, og vi ser positivt på aktiviteten der framover. Jiangsu Eastern Heavy Industries Co., Ltd er ein ny samarbeidspartnar for oss i offshoresegmentet i Rolls-Royce, og vi er veldig glade for at dei no satsar på oss som leverandør av design og utstyr til desse avanserte nybygga, seier Per Kristian Furø, salgssjef ved designavdelinga i Ulsteinvik.
Båtane er plattform supply fartøy (PSVar) som skal nyttast til å frakte utstyr, samt fast og flytande last til og frå olje- og gassplattformer verda over.
Den integrerte utstyrspakken frå Rolls-Royce er omfattande, og inneheld hovudmotorar, akselgeneratorar og tavler frå Bergen, propellar og thrusterar frå Ulsteinvik, automasjon- og kontrollsystem frå Longva samt styremaskin, ror og dekkmaskineri frå Brattvåg.
– Det at dette er eit nytt verft for oss gjer naturleg nok at vi må følgje dei opp tettare under byggeprosessen, men det skapar også tettare relasjonar. No ser vi fram til byggestart, seier Furø.
Designtypen er UT 755 LN, den mest populære fartøytypen til Rolls-Royce, med over 180 fartøy i operasjon eller i ordre. Stadig meir effektive skrogdesign og designløysingar som minimerer innverknaden på miljøet og forbetrar komforten og sikkerheita for mannskapet, kjenneteiknar dei nyare UT 755- modellane.
Båtane er klare for levering i løpet av 2014.
Relaterte artikler
-
Kongsberg kjøper Rolls-Royce Marine
06.07.2018 -
-
Rolls-Royce og Siem inngår serviceavtale
09.05.2018 -
-
Signerer unik serviceavtale
24.05.2017 -
-
Rolls-Royce leverer til Kystverket
15.05.2017 -
Stor fortøyningskontrakt til Rolls-Royce
22.06.2016 -
Designkontrakt til Rolls-Royce
13.06.2015 -
Brasilkontrakt til Rolls-Royce
27.08.2014 -
Ny designkontrakt til Rolls-Royce
06.06.2014 -
Møkster bestiller Rolls-Royce fartøy
04.04.2014 -
Rolls-Royce inngår kontrakt med Sinopacific
03.12.2013 -
Brønnbåt med design fra Rolls-Royce
18.11.2013 -
Farstad bestiller skip fra STX Langsten
17.11.2010