Nyheter
Risnes har levert to oppdrettsbåtar
Publisert: 30.07.2013
Risnes Marine Craft as overlevert måndag 22. juli to arbeidsbåtar for oppdrettsnæringa til Mainstream Norway AS i Finnmark.
Begge båtane er av den nye typen Risnesbåtar, katamaranbåtar produserte i aluminium og konstruerte for å tola nye og skjerpa krav m.a. til stabilitet. Sjølve overleveringa skjedde på industriområdet på Sunde, og båtane set kursen nordover i dag. Den eine båten går direkte til Finnmark, medan den andre skal innom Trondheim, der han skal visast fram på Aqua Nor, verdas største oppdrettsmesse, i august.
Mainstream Finmark har no 10 Risnesbåtar, desse to er dei fyrste i aluminium.
– Vi har eit veldig greitt samarbeid med Risnes, og dei leverer alltid eit produkt i samsvar med det som er avtala, seier Hans Arne Sørnes, teknisk sjef i Mainstream Finmark. Han var til stades under overleveringa, saman med drifts-og servicekoordinator Stig Omar Hansen.
– Mainstream er vår beste og største kunde. Vi har eit godt samarbeid, der dei medverkar til ei kontinuerleg produktutvikling av båtane gjennom tilbakemeldingar til oss, seier dagleg leiar Ronald Hellenes i Risnes Marine Craft as. Saman med senior produktingeniør Ole Risnes driv han no vidare Risnes-selskapet, som har spesialisert seg på båtar for oppdrettsnæringa.
Eit litt større skrog er under produksjon i Polen. Også denne båten skal utrustast på Sunde, og skal leverast til Firda Sjøfarmer.
Skroga er produserte i Polen og kom til Sunde sju veker før levering. Risnes Marine Craft as har ansvar for utvikling, design og sal for dei i to røktarbåtane.
Båtane, Kvitnes og Kvaløya er 13 meter lange, 6,5 meter breie. Kvar båt er utstyrt med to 270 hk Sabb Iveco framdriftsmotorar, som gjev ein marsjfart på 16-17 knop.
Relaterte artikler
-
Tolvte brønnbåt fra Larsnes Mek til Rostein
15.10.2024 -
-
AQS Siv – kystens heftigste dykkerbåt
12.03.2024 -
-
Havyard Leirvik vinner nybyggskontrakt
20.11.2023 -
-
Enda en brønnbåt fra Larsnes til Rostein
29.12.2021 -
Salthammer båtbyggeri skal bygge servicebåt
09.12.2020 -
Nye kontrakter til Sletta Verft
10.07.2020 -
Kongsfjord – hybridtråler til Lerøy Havfisk
18.03.2020 -
Leverte frakt- og servicefartøy
01.10.2018 -
Sikret seg kontrakter på linebåter
18.12.2017 -
Vard bygger nytt servicefartøy
03.11.2017 -
Signerte kontrakt under Aqua Nor
21.08.2017 -
Folden Akva kontraherer ny arbeidsbåt
27.03.2017 -
Kleven skal bygge slaktebåt
18.08.2016 -
Brønnbåten Namsos døpt
15.02.2016 -
Namsos levert til Norsk Fisketransport
22.12.2015 -
Herfjord levert fra Folla Maritime
19.10.2015 -
Ny kontrakt til Fiskerstrand Verft
19.06.2015 -
Ny kontrakt til Larsnes fra Rostein
20.03.2015 -
Rostein bygger ny brønnbåt hos Larsnes
14.08.2013 -
Nye kontrakter til Risnes Marine Craft
28.01.2013 -
Ny kontrakt til Bergen Group Risnes
23.11.2011 -
Ny kontrakt til Bergen Group
24.11.2010