Nyheter
Ulstein har levert Blue Queen
Publisert: 24.02.2015
24. februar 2015 vart Blue Queen, eit plattform forsyningsskip av typen PX121, overlevert til Blue Ship Invest frå Ulstein Verft. Skipet er det første av to skip som reiarlaget Golden Energy Offshore frå Ålesund har driftsavtale for.
Til saman 30 skip av denne designtypen har blitt kontrahert av ulike reiarlag for bygging på verft kringom i verda, og Blue Queen er det niande som er bygd ved Ulstein Verft. Mannskapa på dei leverte skipa gir særs gode tilbakemeldingar, mellom anna på godt gjennomtenkte løysingar om bord, høg standard på innreiing, god komfort, samt skipa si evne til å halde oppe operasjonell drift sjølv i dårleg vêr.
– I Golden Energy Offshore har vi alle driftsfunksjonar innanfor selskapet, og vi ser fram til å samarbeide med Blue Ship Invest, seier konsernsjef Per Ivar Fagervoll i Golden Energy Offshore.
Hoveddata: Lengde o.a.: 83,40 meter, bredde 18,0 meter, dybde til hoveddekk 8,0 meter, dekksareal 850 kvadratmeter og dødvekt 4.065 tonn.
Klassifisering: DNV GL X1A1, ICE-C, Offshore Service Vessel Supply, OILREC, SF, LFL*, COMF-V(3)C(3), E0, DYNPOS-AUTR, NAUT-OSV(A), CLEAN DESIGN, Recyclable DK(+), HL(2.8)
Relaterte artikler
-
Promoterer norskekysten midt på Times Square
23.05.2025 -
-
Vard signerer kontrakt på en tredje CSOV
05.05.2025 -
-
-
Ny dagleg leiar ved Myklebust Verft
25.04.2023 -
Harald har gått gradene til skipsfører
28.01.2021 -
Stor dåpsfest i Hammerfest
08.02.2016 -
Dåp av Viking Neptun i Stavanger
27.02.2015 -
Nye Marjata døpes på lørdag
04.12.2014 -
African Inspiration døpes torsdag
04.11.2014 -
Høyr lyden av Voldamotoren
12.06.2013 -
Far Spica døpes i Ålesund lørdag
08.02.2013 -
Viking Prince bygd av Kleven døpes fredag
21.03.2012 -
Normand Pacific døpes lørdag
30.09.2010 -
Dobbeltdåp for Farstad
10.05.2010 -
KV Bergen - Nytt kystvaktfartøy
29.03.2010 -
Siem Pearl døpes i dag
28.08.2009 -
Det var uken som gikk... (28-2009)
10.07.2009 -
Navarsete døyper Olympic Zeus
19.03.2009 -
Skandi Seven døpt
22.09.2008