Nyheter
Ulstein med tolv designleveransar
Publisert: 21.09.2012
Sinopacific-verftet Zhejiang i Ningbo, Kina, har inngått ein kontrakt med Ulstein på leveransar av tolv designpakkar til plattform forsyningsfartøy av Ulstein sin PX105-design for selskapet Seatankers Group.
– Seatankers Group er ein ny kunde for Ulstein, seier administrerande direktør Sigurd Viseth i Ulstein Design & Solutions AS. – Vi synest det er hyggeleg at dei vel våre design, og vi har stor tru på at dette vert kostnadseffektive og nyttige skip for dei, kommenterer han.
– Totalt har Sinopacific sidan 2007 og fram til no inngått kontraktar på heile 22 designpakkar med Ulstein-design. På dei fleste prosjekta ved verftet deira har alle partar nytt godt av byggeoppfølging frå Ulstein. Eit eige prosjektteam har vore på staden og følgt heile prosessen, noko som har ført til at bygginga har gått smidig. Vi trur at også Seatankers Group vil sjå fordelane av at vi har sterke relasjonar med byggeverftet for dei tolv nye fartøya bestilte ved Sinopacific, fortel Viseth.
Kontrakten inkluderer ei omfattande utstyrspakke på design, engineering og utstyr. Skipa vert 88,9 m lange og 19 m breie. Dei vert utstyrte med dieselelektrisk framdriftssystem, og ei omfattande elektropakke frå Ulstein Power & Control. Dei får Azipull 100-propellar, og vil kunne halde ei fart på 15,5 knop. Lastedekksarealet vert på i overkant av 1000 m2 og skipa får ei dødvekt på 4700 tonn. Dei vert klassifiserte etter Clean og Clean Design-standardane frå Det Norske Veritas (DNV).
Medrekna denne kontrakten, har Ulstein selt til saman 26 fartøy av designtypen PX105. Dette er ein X-Bow-skroglinjedesign, som har fått svært gode tilbakemeldingar frå mannskap som arbeider om bord på fartøy av denne typen. X-Bow-fartøya sparer drivstoff og kan oppretthalde høg fart også i røffe vêrforhold. Til saman 62 skip med X-Bow-designen er selde sidan lanseringa i 2005.
Relaterte artikler
-
Vard med kontrakt på fem fartøy
21.11.2024 -
-
Tolvte brønnbåt fra Larsnes Mek til Rostein
15.10.2024 -
-
Ny kontrakt på to CSOV-skip frå Ulstein
06.07.2023 -
-
North Star Shipping tilbake til Vard
09.05.2023 -
Bygger to nye brønnbåter for Seistar
18.12.2020 -
Nye kontrakter til Sletta Verft
10.07.2020 -
Vard sikrer ny kontrakt
18.08.2016 -
Kleven skal bygge slaktebåt
18.08.2016 -
Vard Søviknes skal levere cruiseskip
12.08.2016 -
Wärtsilä designer Østensjøs nye båter
24.09.2015 -
Ny kontrakt til Havyard
01.07.2015 -
Avtaler for nybygg frå Ulstein
18.11.2014 -
Siste av 12 PSV med Ulstein-design frå Kina
06.11.2014 -
Designkontraktar til Ulstein
20.03.2014 -
To nye oppdrag til Ulstein Verft
24.02.2014 -
Rolls-Royce inngår kontrakt med Sinopacific
03.12.2013 -
Designkontrakt til Ulstein
29.10.2013 -
Seatankers fikk sitt tredje Ulstein-skip
20.08.2013 -
Ulstein med nye designkontrakter
13.08.2013 -
Ny designkontrakt til Ulstein
29.04.2013 -
COSCO skal bygge Ulstein-design
07.03.2013 -
Ulstein bygger to til seg selv
20.12.2010 -
Ulstein skal levere 12 designpakker
19.05.2008